Nyhende

Fornying av uteområdet

Dei siste sesongane har vi jobba med oppgradering av utstillingane våre ute; den geologiske parken og botanisk hage. Den geologiske parken har fått nye skilt med utfyllande informasjon om den fascinerande geologiske historia gjennom mange millionar av år. Den botaniske hagen er ny frå 2018, og med rundt 200 artar er her mykje interessant å sjå!

Om Jostedalsbreen nasjonalparksenter

Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark ligg i praktfulle omgjevnadar ved Oppstrynsvatnet omringa av frodige dalar og bratte fjell ved nordsida av Europa sin største fastlandsis, Jostedalsbreen. Vi formidlar naturverdiar, kulturminner og historia om folket i og kring Jostedalsbreen nasjonalpark.

Utstillingane

Jostedalsbreen nasjonalparksenter er ein kunnskapsformidlar med eit variert spekter av informasjon. Frå ulike perspektiv presenterer vi Jostedalsbreen nasjonalpark og omkringliggande områder.

Gåvebutikk og kafé

På besøkssenteret har vi ein koseleg kafé og ein gåvebutikk med eit variert og spanande innhald.

Jostedalsbreen nasjonalpark

Naturen i og kring Jostedalsbreen nasjonalpark byr på spennande og flott natur. Kontrastane er store og over korte avstandar kan ein oppleve ei fantastisk spennvidde i naturtypar. Frå fjordar og frodige dalar med stølar og tradisjonelt kulturlandskap til karrige høgfjell og brelandskap.

Fakta

Besøkssenteret

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Strynevegen 1932
NO – 6799 Oppstryn

Resepsjon + 480 02 997
Kontor +47 916 23 883

mail@visitjostedalsbreen.no

Turistinformasjon

Aktivitetar i nærområdet

I nasjonalparken og området rundt finn du fleire gode stiar som er skilta og merka. Turane varierar frå enkle korte til lengre i variert terreng. Ver bevisst over kva tur du legg deg ut på, søk gjerne informasjon i forkant av turen, sjekk vermelding og ha respekt for fjellet. Fjellet er majestetisk, men kan og verte fort farleg.

Fosdalssetra

Fosnes, Oppstryn

Ein fin tur i flott natur. Setra ligg ca 430 moh. Ein startar turen ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Gode parkeringsforhold. Første stykket går ein på fin skogsveg. Ved ein knapp høgresving går ein ut av skogsvegen og fortset i rås/sti. Stien er veldig fin å gå og det er enkelt å finne fram. Frå parkeringsplassen til setra er det ca 2 kilometer. Flott utsikt over Oppstryn!

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/fosdalsetra-680x450.jpg

Segestad

Hjelle, Oppstryn

Garden Segestad ligg fint til i munninga av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Segestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går vel 1 km på gardsveg til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Segestad, det er vanleg å rekne med ca 1 time på turen opp. Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring.

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/segestad-fn1110chm-500-foto-sverre-hjornevik-1.jpg

Frå Erdalen til Vetledalsetra

Hjelledalen, Oppstryn

Bredal med blanding av frodig vegetasjon og mektig brelandskap med spor frå istida. Ein av dei mest nytta oppstigningane til Jostedalsbreen. Naturstien går til Erdalssetra og vidare til Vetledalsetra og tek rundt 2-3 timar.

I tidlegare tider var det ein viktig ferdaveg mellom Nordfjord og Sogn. Her gjekk store fedrifter fram til 1923. Store breelvsletter ligg mellom dei to setrane i dalen.

På Vetledalseter er det DNT hytte. 

Parkering på Greidung, eller lenger oppe på Loppeset (bomveg).

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/vetledalsseter-fot-wnh-680x450.jpg

Sunndalen - Sunndalssetra

Hjelledalen, Oppstryn

Frodig dal med fine fossar og garden Sunndal som er fråflytta. Ein flott tur på rundt 3-4 timar. Første del på traktorveg, siste delen på sti der ein kan velje enten å følgje elva framover til setra, eller ta stien på sørsida. Vel verdt å få med seg den mektige Tverrelvsfossen som ligg på nordsida av dalen.

 

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/sunndalen-foto-wnh-3-680x450.jpg

Ferdavegen over Kamperhamrane

Hjelledalen, Oppstryn

Ein av dei eldste ferdavegane over fjellet mellom Aust- og Vestnorge. Ruta går frå Sunndalen innst i Oppstryn, austover over fjellet og gjennom Raudalen til Skjåk i Gudbrandsdalen. Deler av ruta går over eit bratt fjellparti som vert kalla Kamperhamrane, der det er eldgamle, oppmurte steintrapper. Ruta har fått navnet sitt etter desse. Ruta startar ved det nedlagte gardsbruket i Sunndalen og hit er det traktorveg, ca 5 km frå Folven i Hjelledalen.

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/kamperhamrane-680x450.jpeg

Gull av gråstein!

Tjugen, Loen

Skåla – den vakre giganten av eit fjell – ruvar over Loenbygda. Ein god sti, bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura. 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Skålatårnet er ei sjølvbetjent DNT-hytte utanom det vanlege for dei som vil ha ei overnatting eller lage seg ein kaffikopp på toppen. Den var opphavleg bygd som eit sanatorium, og kuren er framleis effektiv: Det finst ikkje noko som gjer deg friskare enn fjordutsikt og svalande bris frå Jostedalsbreen.

I oktober 2016 stod også den den nye turisthytta Skålabu ferdig. Begge hyttene er i dag drivne av Bergen Turlag. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjordnatur på alle kantar. Vanleg tur tid er berekna til fem timar opp og tre timar ned.

 

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/skala-fn948chm-500-foto-sverre-hjornevik-1.jpg