Gangturar og stiar

Naturen er vill og dramatisk med høge tindar, smale dalar, elver og isbrear. Besøk nasjonalparksenteret før du går, for å lære meir om området og kva du kan sjå i nasjonalparken.

Sunndalsetra

Gamal ferdaveg over til Austlandet gjennom Sunndalen. Ein dal som har vore ille herja av ras og der garden Sunndal vart lagd aude to gongar før han vart fråflytta i 1903. Rik vegetasjon og flotte fosselandskap i dalen. Vandreruta over Kamperhamrane går via Sunndalen.

Sunndalen ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Naturstien går til Sunndalssetra og tek totalt 5-6 timar.

Kamperhamrane

Vanskegrad
Ekspert

Ferdavegen over Kamperhamrane er ein av dei eldste ferdavegane over fjellet mellom aust- og vest Norge. Ruta går frå Sunndalen innst i Oppstryn, austover over fjellet og gjennom Raudalen til Skjåk i Gudbrandsdalen. Deler av ruta går over eit bratt fjellparti som vert kalla Kamperhamrane, der det er eldgamle, oppmurte steintrapper. Ruta har fått navnet sitt etter desse. Ruta startar ved det nedlagte gardsbruket i Sunndalen og hit er det traktorveg, ca 5 km frå Folven i Hjelledalen.

Erdalsetra

Erdalsetra – Vetledalsetra – Erdalsbreen (Høyrer til Jostedalsbreen)

Skåla

Vanskegrad
Ekspert

Bødalsetra

Bødalsetra – Bødalsbreen – Fessene

Lodalskåpa

Vanskegrad
Ekspert

Guide anbefalast. 

Kjenndalsbreen

Vanskegrad
Enkel

Del av Jostedalsbreen

Briksdalsbreen

Del av Jostedalsbreen

Brenndalsbreen

Del av Jostedalsbreen

Kattanakken

Vanskegrad
Ekspert

Oldeskaret

Vanskegrad
Ekspert

Andre gåturar

Turkart selgjast i butikken i Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Fosdalsetra

Startar ved Jostdalsbreen Nasjonalparksenter

Denne dalen er kulturhistorisk interessant.
Det var eit aktivt seterliv på Fosdalssetra i gamle dagar.

Dalen er utsett for skred framom setra.

Turstien tek 2-3 timar.

Historisk vandring i Lodalen

Vanskegrad
Medium

I 1905 og 1936 rasa det veldige steinmassar frå Ramnefjell og ned i Lovatnet, noko som skapte veldige flodbølgjer. Flodbølgjene slo innover bygdene Bødal og Nesdal og gjorde store øydeleggjingar. I regi av reiselivsbedriftene i Loen er det laga til ei historisk vandring gjennom Bødal, der ein får sjå kvar dei ulike bruka låg og oversikt over heile Bødalsamfunnet før 1936. Bødal var ei levande og velutvikla grend. Det var arbeidsomme og flinke folk som budde der, og etter den tids målestokk var bøndene i Bødal rimeleg velståande.

 

Segestad

Vanskegrad
Medium

Garden Segestad ligg fint til i munningen av Glomsdalen, på ei fjellhylle med eit bratt stup på 300 meter ned til Oppstrynsvatnet. For å kome til Segestad, må du reise til Hjelle i Oppstryn. Derifrå går vel 1 km på gardsveg til garden Glomnes. Her byrjar stien opp til Segestad, det er vanleg å rekne med ca 1 time på turen opp. Frå gardstunet (314 m.o.h.) er det godt utsyn til Hjelledalen, Erdalen, Strandsida og dei kjende fjella ikring. Ta gjerne med turkartet for Oppstryn for å sjå merka løype. Segestad har ein av dei mest særprega og storslåtte plasseringar av gardane i Stryn.

Tursti: Hjelledalen

Vanskegrad
Enkel

Turen går frå Nygård Camping (ved RV 15) til Bolstad og ned gjennom «Bombeneset» og Hjelle sentrum og sluttar ved Oppstrynsvatnet.

Tema på stien er kulturhistorie med gamle gardar og busetnad.

Naturstien går gjennom landbruksdistriktet og fortel om landbruket i Stryn kommune.

Kulturlandskapet og plantelivet med teikn etter dei gamle blomsterengene vil òg vere tema på stien.