Fornying av uteområdet

Dei siste sesongane har vi jobba med oppgradering av utstillingane våre ute; den geologiske parken og botanisk hage. Den geologiske parken har fått nye skilt med utfyllande informasjon om den fascinerande geologiske historia gjennom mange millionar av år. Den botaniske hagen er ny frå 2018, og med rundt 200 artar er her mykje interessant å sjå!

 

 

 

 

Ein botanisk hage er eit levande og evigvarande prosjekt, som treng mykje omsorg. Plantane må få tid til å etablere og utvikle seg. I år ser vi at mange av plantane har overlevd både kulde og flaum og vi er stolte over å kunne presentere eit stort utval av plantar i hagen.

I den geologiske parken har vi 26 steinar frå regionen, desse har fått nye skilt som forklarar kva ein ser i steinane, kor gamle dei er og korleis dei har blitt danna. I tillegg har vi sett opp informasjonsskilt som viser korleis jordskorpene har flytta på seg og dermed vore med på å danna fjellkjeder. Desse har seinare vortne brotne ned og det nedbrotne materialet dannar grunnlag for nokre av steinane i parken. Bli med å lær meir den spennande historia steinane fortel oss!

Nytt for sesongen i den botaniske hagen er skilt til kvar plante i tillegg til informative skilt som kan gje grunnlag for auka kunnskap om plantelivet i naturen, noko som kan vere kjekt å ta med seg vidare når ein sjølve er ute i friluft. Den botaniske hagen er delt inn etter kvar ein finn dei ulike plantane i naturen. Våre kategoriar er; myrplantar, skogsplantar, engplantar og fjellplantar. Du kan lære om korleis dei ulike plantane tilpassar seg i desse ulike sonene og kva som er spesielt med plantane her. Du kan finne ut korleis enkelte plantar blei brukt i gamle dagar og litt om dagens utfordringar.