Jostedalsbreen Nasjonalpark

Jostedalsbreen, den største breen på det Europeiske fastlandet, dannar grunnlaget for denne nasjonalparken som er særmerkt ved dei store kontrastane parken har å by på. Over korte avstandar er det ei fantastisk spennvidde i naturtypar frå fjordar og frodige dalar med stølar og tradisjonelt kulturlandskap, til karrige høgfjell og brelandskap. Breen og smeltevatnet har danna eit unikt landskap som har interessante geologiske formasjonar og dei lokalklimatiske høva gjev grunnlag for eit spesielt plante og dyreliv.

Jostedalsbreen nasjonalpark er 1315 km2 og blant dei største nasjonalparkane i Noreg. Nesten heile parken ligg over 800 m o.h. vart oppretta i 1991 og utvida i 1998. Jostedalsbreområdet er eit av dei største naturområda i Sør-Noreg med såkalla villmarkspreg.

Moglegheitene er mange for å oppleve naturen i og kring nasjonalparken. Landskapet her byr på turar for alle. Opplev dei mange dalane rundt breen der alle har sitt særprega landskap og kvar si spesielle historie, den ville naturen på breen eller ein av mange toppane i området. Det finst fine og lette turar, og turar som krev guide som har kunnskap om korleis ein skal ta seg fram i krevjande terreng. Det er viktig å vere forsiktig og respektere farane i naturen.

 

 

 

 

 

 

Sjå denne korte filmen frå nasjonalparken og finn ut kvifor breane og landskapet her har tiltrekt seg turistar sidan slutten av 1800-talet.


Briksdalsbreen i Oldedalen, ein brearm av Jostedalsbreen
Foto: Visit Nordfjord/Normann


Utsikt frå Segestad mot nasjonalparksenteret og
Jostedalsbreen nasjonalpark – Foto: Wenche Nesje

Les meir om Jostedalsbreen nasjonalpark på Jostedalsbreen nasjonalparkstyre si heimeside.