Kafè

På besøkssenteret har vi ein koseleg kafé der du kan nyte ein kopp kaffi med noko smakfullt attåt. Vi har mineralvatn, sjokolade, is og andre godsaker frå kiosken vår. Vi har òg lokalproduserte drikkevarer med eit rikt utval av smakar.

Gåvebutikk

Ved senteret har vi ein gåvebutikk med eit variert og spanande innhald. Vi har blant anna puter, pledd, jakker, varme ullklede frå Sefar, eigne designa emaljekoppar og nasjonalpark smykker, steinsmykker frå Fossheim steinsenter, og eit rikt utval av tradisjonelle souvenirvarer. Vi har informative bøker som til dømes om Jostedalsbreen nasjonalpark, bøker om flora, geologi, dyr og fuglar, bær og saft, og lokale bøker om kultur og historie. Vi har eit variert utval av ulike turkart i resepsjonen.

Vi jobbar også med å byggje opp tilbodet av lokal mat. Så langt kan vi freiste med varer som epledrikk og eplegelé frå nabobygda Flo, nydeleg sjokolade frå Geiranger, juice og nektar frå Solvorn i Sogn, salt og olje av ramslauk frå Oppstryn, honning og spekemat frå Stryn.