Vi søkjer medarbeidarar for sesongen 2020!

Ynskjer du ein sommarjobb i vakre og idylliske omgjevnadar?

Vi har ledige stillingar!

For sommarsesongen 2020 søkjer vi etter følgjande;

  • Medarbeidarar resepsjon/kafè/butikk
  • Tilkallingsvikarar/ringehjelp ved behov

 

Arbeidsoppgåver:

  • Formidling og vedlikehald av utstilling inne, botanisk hage og geologisk park
  • Informasjonsformidling om nasjonalparken og nærområdet til senteret
  • Oppgåver knytta til resepsjon, kafè og gåvebutikk
  • Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald 

 

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivast med arbeid inne som ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
  • Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner – vere i stand til å ha omvisning for grupper
  • Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
  • Gode språkkunnskapar – norsk, engelsk (tysk/fransk/spansk)

 

Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men er ikkje eit krav. Vi har behov for medarbeidarar i løpet av perioden
1.mai – 30.september. Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe (start- og sluttdato), samt kva stilling du søkjer på (medarbeidar eller tilkallingsvikar). Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag- og helgearbeid.

Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande og aktivt miljø.

Kortfatta søknad med CV sendast til mail@visitjostedalsbreen.no

For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje-Håberg
tel. 916 23 883, wenche@visitjostedalsbreen.no

Søknadsfrist 28.februar 2020