Sommarjobb på nasjonalparksenteret i Oppstryn?

Vi har ledige stillingar!

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er plassert like ved Oppstrynsvatnet – midt i fjellheimen. Vi har utstilling inne, samt ein geologisk park og ein botanisk hage med plantar, tre og blomar som representerar den lokale floraen i og kring nasjonalparken. Vi formidlar kunnskap om lokalhistorie, naturverdiar, kulturminner, skred og klima. Vi har eit stort utval av turopplevingar i nærområdet, både for store og små.

Vi søkjer etter naturglade og engasjerte sesongarbeidarar for sommaren 2021 (mai-september).

  • Medarbeidarar
  • Tilkallingsvikarar/ringehjelp ved behov


Arbeidsoppgåver:

  • Formidling og vedlikehald av utstilling inne, botanisk hage og geologisk park
  • Informasjonsformidling om nasjonalparken og nærområdet til senteret
  • Oppgåver knytta til resepsjon, kafê og butikk
  • Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald


Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivst med arbeid inne som ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
  • Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
  • Gode språkkunnskapar – evne til å formidle munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk

 

Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Vi har behov for medarbeidarar i perioden 1.mai-30.september. Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe (start- og sluttdato), samt kva stilling du søkjer på (medarbeidar eller tilkallingsvikar). Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag og helg.

Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande og aktivt miljø.

Kortfatta søknad med CV sendast til mail@visitjostedalsbreen.no

For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje, tlf. 916 23 883 / e-post wenche@visitjostedalsbreen.no

 

Søknadsfrist 15.mars 2021