Sommarjobb på nasjonalparksenteret?
Vi har ledige stillingar!
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er plassert like ved Oppstrynsvatnet – midt i fjellheimen.
Vi har utstilling inne, samt ein geologisk park og ein botanisk hage med plantar, tre og blomar som representerar den lokale floraen i og kring nasjonalparken. Vi formidlar kunnskap om lokalhistorie, naturverdiar, kulturminner, skred og klima. Vi har eit stort utval av turopplevingar i nærområdet, og vi leiger ut kano og SUP-brett.
Vi søkjer etter naturglade og engasjerte sesongarbeidarar for sommaren 2022 (mai-september).
- Medarbeidarar
- Tilkallingsvikarar/ringehjelp ved behov
Arbeidsoppgåver:
- Formidling og vedlikehald av utstilling inne, botanisk hage og geologisk park
- Informasjonsformidling om nasjonalparken og nærområdet til senteret
- Oppgåver knytta til resepsjon, kafê og butikk
- Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivst med arbeid inne som ute
- Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
- Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
- Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
- Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
- Gode språkkunnskapar – evne til å formidle munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk
Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Vi har behov for medarbeidarar i perioden 1.mai-30.september. Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe (start- og sluttdato), samt kva stilling du søkjer på (medarbeidar eller tilkallingsvikar). Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag og helg.
Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande og aktivt miljø.
Kortfatta søknad med CV sendast til mail@visitjostedalsbreen.no
For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje, tlf. 916 23 883 / e-post wenche@visitjostedalsbreen.no
Søknadsfrist 20.mars 2022