Kafè

På nasjonalparksenteret har vi ein koseleg kafé der du kan nyte ein kopp kaffi med noko smakfullt attåt i vakre omgjevnadar. Vi har mineralvatn, sjokolade, is og andre godsaker. Vi har òg lokalproduserte drikkevarer med saftige epler frå nabobygda Flo.

Foto: Visit Nordfjord

Gåvebutikk

I gåvebutikken finn du mykje variert og spanande. Vi har blant anna puter, jakker, varme ullklede, eigne designa emaljekoppar og ryggsekkar og eit rikt utval av tradisjonelle souvenirvarer. Vi har informative bøker som til dømes om Jostedalsbreen nasjonalpark, bøker om flora, geologi, dyr og fuglar, bær og saft, og lokale bøker om kultur og historie. Vi har eit variert utval av ulike turkart i resepsjonen.

Av lokal mat kan vi freiste med varer som epledrikk frå Flo, spekemat, salt og olje av ramslauk frå Oppstryn og honning frå Stryn.

Foto: Visit Nordfjord