Sommarjobb i den finaste bygda!
Vi søkjer etter naturglade og engasjerte sesongarbeidarar for sommaren 2026 (mai-september).
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er plassert like ved Oppstrynsvatnet – omringa av høge fjell og djupe dalar. Vi har utstilling inne med bl.a eit spesialbygd skredrom og ein interaktiv modell av Jostedalsbreen. Utandørs har senteret ein geologisk park og ein fjord- og fjellhage. Vi formidlar kunnskap om lokalhistorie, naturverdiar, kulturminner, skred og klima.
Vi leiger ut kano og SUP-brett, samt at vi har eit stort utval av turopplevingar i nærområdet, både for store og små.
Arbeidsoppgåver:
- Formidling av senteret sine opplevingar og informasjon om nasjonalparken, nærområdet til senteret og destinasjonen Stryn/Nordfjord
- Oppgåver knytta til resepsjon, kafè og butikk
- Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Vere over 16 år
- Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivst med arbeid inne som ute
- Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
- Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
- Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
- Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
- Gode språkkunnskapar – evne til å formidle munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk
Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Vi har behov for medarbeidarar i perioden 1.mai-30.september. Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe (start- og sluttdato). Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag og helg.
Treng du ein plass å bu? Vi hjelper deg med det!
Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande, aktivt og triveleg miljø.
For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje, tlf. 916 23 883 / e-post wenche@visitjostedalsbreen.no
Kortfatta søknad med CV sendast til mail@visitjostedalsbreen.no
Søknadsfrist 12.februar 2026
