Sommarjobb i den finaste bygda!

Vi søkjer etter naturglade og engasjerte sesongarbeidarar for sommaren 2025 (mai-september).

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er plassert like ved Oppstrynsvatnet – omringa av høge fjell og djupe dalar. Vi har utstilling inne, blant anna eit nytt spesialbygd skredrom, og utandørs har senteret ein geologisk park og ein fjord- og fjellhage med plantar, tre og blomar som representerar den lokale floraen i og kring nasjonalparken. Vi formidlar kunnskap om lokalhistorie, naturverdiar, kulturminner, skred og klima.

Vi leiger ut kano og SUP-brett, samt at vi har eit stort utval av turopplevingar i nærområdet, både for store og små.

Arbeidsoppgåver:

  • Formidling av senteret sine opplevingar og informasjon om nasjonalparken, nærområdet til senteret og destinasjonen Stryn/Nordfjord
  • Oppgåver knytta til resepsjon, kafè og butikk
  • Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald


Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • Vere over 16 år
  • Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivst med arbeid inne som ute
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
  • Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
  • Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
  • Gode språkkunnskapar – evne til å formidle munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk

Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Vi har behov for medarbeidarar i perioden 1.mai-30.september. Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe (start- og sluttdato). Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag og helg.

Treng du ein plass å bu? Vi hjelper deg med det!

Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande, aktivt og triveleg miljø.

For nærare opplysningar kontakt dagleg leiar Wenche Nesje, tlf. 916 23 883 / e-post wenche@visitjostedalsbreen.no

Kortfatta søknad med CV sendast til mail@visitjostedalsbreen.no

 

Søknadsfrist 12.februar 2025