Nytt i 2026!
"Flaumen" og ein interaktiv modell av Jostedalsbreen.
I eit spesialbygd rom vert du teken med inn i ei gripande og verkelegheitsnær forteljing om klima og ekstremvèr. Gjennom ein intens kortfilm opplever du naturens kraft på nært hald – med flaumen på nasjonalparksenteret som eit dramatisk og tydeleg døme.
Vi har òg gleda av å presentere vår nye, interaktive modell av Jostedalsbreen. Utforsk breen og det omkringliggjande landskapet på ein heilt ny måte, og sjå korleis klimagassutslepp vil påverke Jostedalsbreen si historiske utvikling og framtidige skjebne.
