Vi har ulike temaområder både inne på senteret, men òg ute ved Oppstrynsvatnet, der høge fjell blenkjer seg i det klåre grøne vatnet. Her kan du nyte den fantastiske utsikta frå uteområdet, samstundes som du kan lære naturen vår å kjenne.

Utstilling inne

Inne på senteret kan du lære om korleis livet i nærleiken av breen har vore gjennom tidene. Her kan du få kjennskap til dei første breførarane og kva utstyr dei nytta.

I eit spesialbygd rom får du oppleve eit skred på nært hald, gjennom ein spektakulær film kombinert av levande opptak frå naturen og 3D-simulering.

Hos oss kan du finne ut korleis landskapet du ser i dag har blitt påverka av brear gjennom tidene og kva som skjer med isbreane i dag.

I vår biologiske utstilling kan du sjå og lære om kva for dyr vi har i norsk natur. Du får og eit innblikk i rovdyrutviklinga i Noreg og Europa og kjennskap til utviklinga i landbruket og konfliktane mellom landbruk og rovdyr i Noreg gjennom tidene.

Som ein del av utstillingane syner vi ein kortversjon av filmen “Fedrelandet” regissert av Margreth Olin. Opplev Norge sin mest fortryllande dal, Oldedalen i Nordfjord, og den mektige Jostedalsbreen. Filmen gjev ei majestetisk oppleving med sterke bilder av ruvande fjell og isbrear, og vårt djupe og nære forhold til naturen.

“Skredet” Foto: JNPS

 

Fjord- og fjellhage

På uteområdet vårt kan du nyte utsikta over Oppstrynsvatnet, fjellandskapet, brear, elvar og kringliggande bygder. I fjord- og fjellhagen vår har vi rundt 200 plantar, tre og blomar som representerer den lokale floraen i og kring nasjonalparken. Dette er ei rik samling frå fjell og natur, der ville blomar og plantar trivast i harmoni, i sitt naturlege habitat, i torv og andre vekstar.

Hagen er delt opp i ulike soner med plantar frå myr, fjell, slåtteeng og edellauvskog. I tillegg har vi ein eigen oldemors hage der du kan sjå igjen kjente og kjære plantar som du kan finne rundt om i dei norske heimane. Her kan du gå ei ekte hagevandring og lære om korleis dei ulike plantane tilpassar seg livet i dei ulike sonene.

Etter ei vandring i hagen, kan du kanskje kjenne igjen nokre av plantane neste gong du er på tur?

 

Foto: JNPS
Foto: JNPS

Geologisk park

Du kan spasere rundt i den geologiske parken vår og lære om kva dei ulike steinane frå regionen kan seie om vår fantastiske geologiske historie gjennom mange millionar av år.

I den geologiske parken har vi 26 steinar frå regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Desse har skilt som forklarar kva ein ser i steinane, kor gamle dei er og korleis dei har blitt danna. I tillegg finn ein informasjonsskilt som viser korleis jordskorpene har flytta på seg og dermed vore med på å danne fjellkjeder. Desse har seinare blitt brotne ned og det nedbrotne materialet dannar grunnlag for nokre av steinane i parken. Bli med og lær meir om den spennande historia steinane fortel oss!

 

Foto: JNPS
Foto: JNPS

Ekstremver i Oppstryn

I november 2024 gjekk Fosdøla over sine breidder. Elva tok retning Nasjonalparksenteret og førte til store skadar på både bygning og eigedom.

Etter ekstremveret bevarte vi noko av øydeleggingane flaumen førte med seg. Les meir på informasjonsskiltet og scann QR-koden for å lære meir om klimaendringar og ekstremver. Du kan òg sjå bilde og film frå den dramatiske natta då naturkreftene råka Nasjonalparksenteret.

Foto: JNPS

 

Visste du at…

  • Den offisielle nasjonalbergarten er larvikitt. Den finn du kun i Noreg (Vestfold og Telemark) og vart danna under vulkansk aktivitet for rundt 290 millionar år sidan. Fasaden til nasjonalparksenteret er av larvikitt.
  • Eklogitt er den tyngste bergarten i verda, 1 liter veg 3.3 kg og blir danna djupt nede i jordskorpa. Denne bergarten finn du i samlinga vår, både inne og ute.
  • Thulitt er kjent som «Noregs nasjonalstein». Mineralet vart først skildra ved eit funn frå Telemark på byrjinga av 1800-talet og fekk namnet thulitt (ultima thule).

 

I gåvebutikken vår kan du finne igjen desse minerala i nydelege smykker handlaga frå Fossheim steinsenter i Lom.

Foto: JNPS

Gåvebutikk og kafé

På besøkssenteret har vi ein koseleg kafé og ein gåvebutikk med eit variert og spanande innhald.