Aktivitetar

Kajakkurs

På kajakkurset blir ein introdusert til kajakk og utstyr, samtidig som ein tar det eit steg lengre og lærer om teknikk på turpadling. Kurset har som mål å motivere for vidare padling og at ein er blitt kjent med kajakk, åre, vest og spruttrekk. Eit perfekt utgangspunkt for grunnkrus i både elv og hav. Kurset kvalifiserar til våttkort i NPF sin utdanningsstige.

Les meir

Book på nett no!
http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/kajakkurs-2-foto-siri-hole-003-680x450.jpg

Guida kajakktur

På forespørsel kan samarbeidspartnaren vår Fjord Nature ta deg med på ein guida kajakk-oppleving på Oppstrynsvatnet i stabile kajakkar.
Vi tilpassar opplevinga etter ynskje og gjeldande forhold. Cirka 3 timar eller meir er ofte eit fint utgangspunkt.

Naturguidar / kajakk instruktørar vil formidle spennande historier, samt informasjon om lokal natur- og kulturkunnskap.

Dette er ein lavterskel tur som passer for dei aller fleste. Så lenge ein er svømmedyktig, og kan reise seg opp og ned, kan ein bli med på ei guida oppleving på vatnet.

Guida kajakktur gjeld kun førehandsbestilling. For meir informasjon kontakt Fjord Nature tlf. +47 404 30 459 // rikard@fjordnature.com

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/kajakkurs-foto-siri-hole-001-680x450.jpg

Utleige av kano og SUP-brett

Opplev naturen frå Oppstrynsvatnet!

På nasjonalparksenteret kan du få leige kano (firemanns) og SUP-brett.

Ingen førehandsbestilling.

Kontakt nasjonalparksenteret for meir informasjon.

http://visitjostedalsbreen.no/wp-content/uploads/oppstrynsvatnet-til-kano-680x450.jpg