Besøkssenter Jostedalsbreen nasjonalpark ligg i praktfulle omgjevnadar ved Oppstrynsvatnet omringa av frodige dalar og bratte fjell ved nordsida av Europa sin største fastlandsis, Jostedalsbreen. Vi formidlar naturverdiar, kulturminner og historia om folket i og kring Jostedalsbreen nasjonalpark.
Senteret ligg i Oppstryn i Stryn Kommune og vart opna i 1993 av dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland. Senteret vart autorisert som nasjonalparksenter i 1997 av Miljødirektoratet og reautorisert i 2019.
Nasjonalparksenteret er eigd og drifta av Stiftinga Jostedalsbreen nasjonalparksenter med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Stryn kommune, Høgskulen Vestlandet, Norges Geoteknisk Institutt, Den Norske Turistforening, Norsk Botanisk Forening og Nordfjord Folkemuseum.
Ved senteret har vi;